Fiskereglar

Fiske med stong og kastesnøre er tillate heile året, utanom i tilløpselvane til Jølstravatnet der fisket er tillate 1. januar – 15. september og i utløpselva der fisket er tillate 15. april – 1. oktober.
Fiske med oter og djuprigg er tillate 1. juni – 10. august.
Det kan berre nyttast 1 oter per person og maksimalt 2 otrar per båt. Kvar oter kan ha opptil 10 fluger/evt. spinnarar e.l.

FORSKRIFT FRÅ FYLKESMANNEN
FISKET I JØLSTRAVATNET, JØLSTER KOMMUNE, SOGN OG FJORDANE
FYLKE
Fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 8. august 2007 med heimel i lov av 15. mai 1992 nr. 47 om innlandsfisk og laksefisk m.v. § 34, jf. kgl.res. av 27. november 1992 nr. 877.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fastsett forskrift for fisket i Jølstravatnet,
Jølstra ned til Stakhaldefossen og tilløpselvane til vatnet så langt det er mogleg for
aure frå vatnet å vandre opp.
§ 1
Alt fiske utanom stong og kastesnøre er forbode 16. september – 14. april.
Fiske med stong og kastesnøre er tillate heile året, utanom i tilløpselvane til
Jølstravatnet der fisket er tillate 1. januar – 15. september og i utløpselva der fisket
er tillate 15. april – 1. oktober.
Fiske med oter og djuprigg er tillate 1. juni – 10. august.
Fiske med not er tillate 1. juni – 15. juli og 20. august – 15. september.
Fiske med flytegarn er tillate 10. august – 15. september.
Fiske med botngarn og line er tillate 15. april – 15. september.
§ 2
Det skal midt i Jølstravatnet vere eit friløp der det ikkje kan setjast fastståande
reiskap. Friløpet skal vere 1/3 av breidda på vatnet ved middels sommarvassmål,
slik at garn eller line sett ut frå ei av sidene ikkje må gå lenger ut enn 1/3 av breidda
på vatnet.
§ 3
Den enkelte fiskar/båtlag kan samla fiske med flytegarnslenker som i lengda utgjer
opp til 2/3 av disponibel strandline. Rett til fiske med garn kan ikkje overførast frå
eit gardsnummer til eit anna. Samla lengd på flytegarnslenker skal avgrensast til
400 meter. Grunneigarar/fiskarar som får avgrensingar etter maksimumsgrensa
(400 meter) kan ikkje overføre «unytta» strandline til andre fiskarar.
§ 4
Det er til ei kvar tid forbode a nytta bunden reiskap med mindre maskestorleik enn
20 omfar (32 mm mellom knutane i våt tilstand). Maksimal høgde på botngarn er 2
meter og på flytegarn 6 meter.
§ 5
Det kan nyttast maksimalt 2 otrar per båt. Kvar oter kan ha opptil 10
fluger/spinnarar eller liknande.
Det kan nyttast djuprigg med maksimalt 2 fangsteiningar (sluk/agn) per båt.
§ 6
Alle garnlenker skal merkast med fiskaren sitt namn, adresse og telefonnummer på
endeflotøren mot land.
§ 7
Blåser og liknande til fortøying av fiskereiskap kan tidlegast setjast ut ei veke før
fisket startar og skal takast opp seinast to veker etter at fisket er avslutta.
§ 8
Fylkesmannen kan dispensere frå reglane i denne forskrifta.
§ 9
Brot på desse forskrifter er straffbart, jf lov om laksefisk og innlandsfisk av 15. mai
1992, § 49.
§10
Desse forskriftene tek til a gjelde 10. august 2007. Samstundes blir Forskrift for
fisket i Jølstravatnet m.v. fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane den 25.
august1999 sett ut av kraft.
Hermansverk 8. august 2007
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE