Kjøp fiskekort

Dagskort

120,-
Alle soner
Alle sportsredskapar

Vekekort

600,-
Alle soner
Alle sportsredskapar

Årskort

1000,-
Alle soner
Alle sportsredskapar

Kjøp fiskekort på www.inatur.no

Kjøp fiskekort via sms

Kjøp fiskekort lokalt. Se oversikt

Fiskeregler 

Fiske med stong og kastesnøre er tillate heile året, utanom i tilløpselvane til Jølstravatnet der fisket er tillate 1. januar – 15. september og i utløpselva der fisket er tillate 15. april – 1. oktober.
Fiske med oter og djuprigg er tillate 1. juni – 10. august.
Det kan berre nyttast 1 oter per person og maksimalt 2 otrar per båt. Kvar oter kan ha opptil 10 fluger/evt. spinnarar e.l.

Alt fiske utanom stong og kastesnøre er forbode 16. september – 14. april.
Fiske med stong og kastesnøre er tillate heile året, utanom i tilløpselvane til
Jølstravatnet der fisket er tillate 1. januar – 15. september og i utløpselva der fisket er tillate 15. april – 1. oktober.
Fiske med oter og djuprigg er tillate 1. juni – 10. august.
Fiske med not er tillate 1. juni – 15. juli og 20. august – 15. september.
Fiske med flytegarn er tillate 10. august – 15. september.
Fiske med botngarn og line er tillate 15. april – 15. september.

Det skal midt i Jølstravatnet vere eit friløp der det ikkje kan setjast fastståande
reiskap. Friløpet skal vere 1/3 av breidda på vatnet ved middels sommarvassmål,
slik at garn eller line sett ut frå ei av sidene ikkje må gå lenger ut enn 1/3 av breidda på vatnet.

Den enkelte fiskar/båtlag kan samla fiske med flytegarnslenker som i lengda utgjer
opp til 2/3 av disponibel strandline. Rett til fiske med garn kan ikkje overførast frå
eit gardsnummer til eit anna. Samla lengd på flytegarnslenker skal avgrensast til
400 meter. Grunneigarar/fiskarar som får avgrensingar etter maksimumsgrensa
(400 meter) kan ikkje overføre «unytta» strandline til andre fiskarar.

Det er til ei kvar tid forbode a nytta bunden reiskap med mindre maskestorleik enn
20 omfar (32 mm mellom knutane i våt tilstand). Maksimal høgde på botngarn er 2
meter og på flytegarn 6 meter.

Det kan nyttast maksimalt 2 otrar per båt. Kvar oter kan ha opptil 10
fluger/spinnarar eller liknande. Det kan nyttast djuprigg med maksimalt 2 fangsteiningar (sluk/agn) per båt.

Alle garnlenker skal merkast med fiskaren sitt namn, adresse og telefonnummer på endeflotøren mot land.

Blåser og liknande til fortøying av fiskereiskap kan tidlegast setjast ut ei veke før
fisket startar og skal takast opp seinast to veker etter at fisket er avslutta.

Fylkesmannen kan dispensere frå reglane i denne forskrifta.

Brot på desse forskrifter er straffbart, jf lov om laksefisk og innlandsfisk av 15. mai
1992, § 49.

Desse forskriftene tek til a gjelde 10. august 2007. Samstundes blir Forskrift for
fisket i Jølstravatnet m.v. fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane den 25.
august1999 sett ut av kraft. Hermansverk 8. august 2007

Fisketips 

I Jølster er du garantert fjellaure på kroken!

Enten du er ein erfaren fiskar eller aldri har fått fjellaure før, så er du nesten garantert fisk på kroken her i Jølster.

Bruk eihands flugestang eller haspelstang med dupp og små fluger i krok nr. 14 eller 16. Grå og brune fluger om dagen, svarte om natta, og gjerne med sølvkropp. Prøv ein liten blank spinner eller 9f4e0843sluk.
Mest fisk får du ved markfiske med lettspinnstang, 0.17- sene og krok nr.14.
Fisken er lettskremd i det klare vatnet. Skal du få større fisk, må du lure deg ned mot elvekanten.
Fjellauren står ofte heilt inne ved land i ly av torvkanten.
Sikraste fiskeplassar er strykkanten og djupe parti i utløpet av store elve-hølar og i utosane til dei mange elvar og bekkar som renn ut i Jølstravatnet når dei veks opp etter kraftige regnskyll.
For å fiske med oter frå båt, bør det vere ein frisk bris, litt regn frå sør eller tussmørkt.
Regn frå sør og sørvest er godt vêr for fritidsfiskaren, men konstant tilsig av brevatn gjer at det alltid finst ein plass i elvar og vatn der auren bit heile sommaren.

Får du ingenting, søk råd hos lokalkjende fiskarar.

Fått fisk?

Det er kjekt om du som fiskar kunne sendt inn rapport når du har fiska, gjerne sjølv om du ikkje har fått noko. Har du bilder er det fint om du kan sende dei. Bruk skjemaet nedenfor